Frå inngangen til 31 Villa Moderne i Arcueil
Foto: Silje Johannesen

Atelierhuset i Arcueil

Takka vere donasjonar frå ti formuande og kunstinteresserte nordmenn, kunne Statens kunstakademi i 1939 kjøpe eit atelierhus til bruk «for unge kunststuderande» i kommunen Arcueil sør for Paris. Det legendariske aterlierhuset har vore brukt av kunstnarar sidan fredsslutninga i 1945, men har hatt eit aukande behov for renovasjon. Huset er nå ferdig oppussa og gjenopna for studie- og arbeidsopphald for studentar og tilsette ved KHiO.

Gjennom ein type Artist-in-residence har meir enn 500 norske kunstnarar brukt huset til kortare eller lengre studieopphald. Kunstmetropolen med sin rikdom av impulsar og kunst har vore viktig i tidlegare tider. Atelierhuset i Arcueil tilbyr gode arbeidsforhold, Paris er fortsatt Paris, og huset ligg for den spreke fortsatt i gangavstand frå Paris sentrum.

Rehabilitering

Atelierhuset har vore i samanhengande bruk frå 1945/46 og fram til i dag. Men huset har ofte hatt behov for oppgradering og har difor også i enkelte periodar vore lite i bruk. I 2012 var den bygningsmessige tilstanden så dårleg at huset i praksis vart stengt.

Les også: Aftenposten 30.01.2015: Kunstnernes hus i Paris står i fare for å bli ødelagt

Atelierhuset er no totalrehabilitert. Innanfor ei kostnadsramme på 3 millionar kr frå KHiOs investeringsbudsjett er det, i regi av Statsbygg, gjennomført ei fullstendig innvendig rehabilitering med isolering, behandling av alle overflater, golv, utskifting av vindauge, bad- og kjøkkeninnreiing, elektrisk anlegg og fyringsanlegg. Det blir også kjøpt inn ein del nye møblar.

Frå november 2017 blir huset stilt til rådvelde for ein ny generasjon studentar ved KHiO for kortare studieopphold eller prosjektarbeid relatert til studiet.

Kunstnarhus

Meir enn 500 kunstnarar har leigd seg inn i huset for å kunne drive med kreativt arbeid og, for ein billeg penge, kunne opphalde seg og hente inspirasjon ein annan stad enn i sitt vante miljø. Mange av dei som har budd der er kjente namn frå norsk kunsthistorie.

Frå gjesteboka

Viktig å være i Paris og kunne se seg selv i relasjon til det som skjer
Inger Sitter, 1955-60 (NRK)

Det var noe med dette huset, noe eget som oppfylte drømmen om å det å være kunstner
Børre Sæthre, 2014

For et GullHus. Takk, takk
Tori Wrånes, 2008

Å være i Arcueil oppleves som en kontinuitet, som å være del av norsk kunsthistorie
Crispin Gurholt, 2014

Det var et sentrum, hjemsted og holdepunkt i møtet med en helt ny verden
Morten Krogh, 2014

Den beste energien – ever!
Christian Tony Norum, 2008

Jubileumsbok

Ved Atelierhusets 75-årsjubileum i 2015 ga kunsthistorikar og førstebibliotekar Åse Anna Markussen ved KHiO ut boka ”Villa Moderne i Arcueil. Kunstakademiets atelierhus i 75 år”. Boka er ei forteljing om huset og dei som budde der.

Fakta

Adresse: 31 Villa Moderne, 94110 Arcueil

Tomt på 134 m2.
Oppført i pussa mur i to etasjar og med delvis utgravd kjellar og med branngavlar mot naboeigedomane.

Buflate på 110 m2 fordelt over:
1. etasje på 55 m2 med kjøken, stove, bad, entré og soverom
2. etasje på 55 m2 med atelier, toalett og soverom
Kjellar på 30 m2 med tre mindre rom
Liten forhage og bakhage på til saman 80 m2

Huset har fire soveplassar fordelt på to soverom.
Det er arbeids/atelierplass til fire personar.

Historikk

1926/27: Bygd etter teikningar av den danske målaren og arkitekten Georg Jacobsen
1926-35: Jacobsen bur i Atelierhuset (til han reiser til Oslo og er professor ved Statens kunstakademi fram til 1940)
1938/39: Professor Axel Revold samlar inn 11 500 kr for å skaffe ein bu- og arbeidsstad for studentar og nyutdanna kunstnarar
1939: Den norske stat ved Statens kunstakademi kjøper huset frå Georg Jacobsen
1945/46: Huset vert tatt i bruk av studentar
1966-67: Omfattande oppussing, finansiert av Norsk kulturråd
1985: Omfattande oppussing
1989: Mindre oppussing
2003: Mindre oppussing
2012-2016: Stengt
2016-17: Større rehabilitering i regi av Statsbygg, finansiert frå Kunsthøgskolens investeringsfond

Transport

Atelierhuset ligg i Arcueil, ein liten kommune 5,3 kilometer sør for Paris.

Det går tog til stasjonen Laplace.
Transport med RER - den blå linja - R. Sjå metrokart.
Det er 10-15 minuttar å gå frå togstasjonen Laplace til Atelierhuset.

Søknad om opphald

Atelierhuset er til for studentar og tilsette ved KHiO.

Det er fastsett eigne retningslinjer for bruk av huset med to søknadsfristar i året.

Søknadsskjema, retningslinjer og informasjon om opphald er tilgjengeleg på KHiOs intranett for studentar.