Presseinvitasjon: Disputas Siri Hermansen - "The economy of survival"

Kunstnar og stipendiat Siri Hermansen forsvarar sitt forskingsarbeid "The economy of survival" i disputas ved Kunsthøgskolen i Oslo.

Tid: tysdag 26. april 2016 kl. 12.00-14.00
Stad: Kunsthøgskolen i Oslo, Fossveien 24, Auditoriet (disputasen er på engelsk)

• Kva skjer når eit samfunn blir djupt transformert av ei katastrofe?
• Kordan tilpassar naturen og mennesket sine overlevingsstrategier i det nye samfunnet som veks fram?
• Kordan kan ein som enkeltståande kunstnar arbeide med store globale samfunnsendringar og skape ny innsikt og kunnskap om stader og situasjonar som allereie er gjennomrapportert frå i media?

Desse store opne samfunnsspørsmåla har stått sentralt i Siri Hermansens stipendiatprosjekt “The Economy of Survival” som har resultert i tre kunstprosjekt Chernobyl Mon Amour (Tsjernobyl), Land of Freedom (Detroit) og Terra Nullius (Kiruna).

Hermansen er stipendiat i Program for kunstnarleg utviklingsarbeid ved avdeling kunst og handverk, Kunsthøgskolen i Oslo.

Les meir om disputasen, bedømmelsekomité, sjå videoar og omtale av forskingsresultata.

Disputasen er open for pressa og andre interesserte.
Etter disputasen er det eit lukka arrangement med enkel servering. Det er mogleg å gjere eigen avtale om å møte stipendiaten.

Pressekontakt

kommunikasjonssjef Atle Faye, telefon 913 47 369, e-post: atle.faye@khio.no