Heim med kofferten full av gull

Helena E.K. Byrt (17) og Shoma Ogasawara (18) er nett komne heim frå Grasse, der dei vann det som var å vinne i konkurransen Concours International de Danse Classique de Grasse, ein internasjonal konkurranse som har gått føre seg i 30 år. Dei blei inviterte da dei vann prisar i den nordisk-baltiske ballettkonkurransen i Falun i mars 2017.

Dei er avgangsstudentar på bachelor i klassisk ballett og vann båe gull i klassa si, men ikkje nok med det: Helena vann også juryprisen, og Shoma vann Grand Prix-prisen til Grasse by.

– Dette er heilt fantastisk! Det er utruleg inspirerande og motiverande, fortel Helena, og juryprisen er eigentleg endå viktigare for meg enn sjølve gullet. Det betyr at dei verkeleg trur på meg.

– Ja, dette er ei god erfaring, legg Shoma til. Og eg blei så glad, for eg var tilsvarande skuffa da eg ikkje tok medalje i Falun i vår.

– Blei de veldig overraska da de vann denne gongen?

– Ikkje eigentleg, for konkurransen går føre seg over fleire dagar, med ei poengoppsummering på slutten av kvar dag, og eg og Helena visste at vi var i leiinga da siste dag av konkurransen starta, fortel Shoma, og legg til: – Men at vi båe skulle få andre prisar i tillegg til gull, var heilt utruleg!

Nøgde med val av skole

– Det er fint å vere ein del av Team KHiO når ein reiser ut på konkurransar, meiner Helena. Klassisk ballett er jo absolutt ikkje ein lagidrett, men vi støttar kvarandre og heiar kvarandre fram. KHiO-familien er trygg å høyre til i, slår ho fast, og held fram: – Vi får mykje individuell merksemd; fokuset deira er å gjere meg til den beste dansaren eg kan bli. Det er høgt profesjonelt nivå blant dei tilsette, med dyktige pedagogar, og eg føler meg godt førebudd på framtida og korleis danseverda der ute er, fortel ho vidare.

Shoma er einig. 

– Eg er veldig glad i Noreg, i KHiO, sjølvsagt, men ikkje berre det, det er så mange ting som er bra her. Tilhøva for dansarar, under utdanning og i arbeid, er veldig gode. Det kan ikkje samanliknast med Tokyo, der eg kjem frå. Eg håper eg kan skape meg ein karriere her, gjerne i Europa, men aller helst her i Noreg. Eg vil ikkje tilbake.

Dommarane om Helena og Shoma

Tim Almaas, professor i klassisk ballett på KHiO, var med studentane til Grasse. Han hadde mellom anna koreografert ein solo til Helena spesielt for denne konkurransen, R.P., inspirert av den berømte koreografen Roland Petit og den særeigne franske ballettstilen, og dommarane ga Helena kommentarar nett for sin nydelege, franske stil. – Eg er så utruleg stolt av båe to, seier han, og summerer opp nokre fleire av tilbakemeldingane frå dommarane:

– Shoma imponerte juryen med sin briljante teknikk og mykje sjarm. Fleire nemnde at han er heilt naturleg på scenen og har ein harmoni i dansen sin. Han fekk 20 poeng for teknikk, som er den høgaste poengsummen ein kan få. Han hadde òg høgaste poengsum av alle gutar i alle sju kategoriar (etter alder)

– Helena tok juryen med storm med ein sterk og varm personlegdom og eleganse, og ein rein teknikk. Helena fekk høgast moglege poengsum, 20 poeng, for sitt artisteri, og hadde òg den høgaste poengsummen av alle jenter i alle kategoriar.

Nye konkurransar ventar

Helena hadde ikkje før kome heim, før ho fekk vite om at ho er plukka ut til ein enda større konkurranse, til Prix de Lausanne som skal haldast i slutten av januar 2018. 

Prix de Lausanne er ein internasjonal konkurranse for unge dansarar mellom 15 og 18 år. Kvart år blir den sveitsiske byen Lausanne forvandla til verdas ballett-talenthovudstad i ei kort veke, når unge talent frå heile verda, og profesjonelle frå verdas leiande teaterhus, møtest.

– I år er det to norske talent som er plukka ut til å vere med i Prix de Lausanne, Helena og ein gut frå ballettskolen på operaen som heiter Gabriel Gudim. Det er dei einaste frå Norden som er komne gjennom nålauget, fortel Jahn Magnus Johansen, programansvarleg for klassisk ballett. –Det er berre 10 europeiske kandidatar som er vidare. Resten er frå Asia, Russland, Australia og Nord- og Sør-Amerika. Til saman er det 78 unge som er med i siste rundar i Prix de Lausanne.

– Det er ei stor ære! Eg skal vere der ei veke og jobbar sjølvsagt mot det nå. Det var dagen etter oppturen i Grasse eg fekk vite dette, og eg tenkte at no har eg så mykje medvind at eg er redd det snart må begynne å gå dårleg, ler ho.

– Når eg er ferdig med bacheloren til våren, håper eg å finne eit kompani som passar meg og som eg trivst i. Eg har lenge hatt ein draum om Noreg og Nasjonalballetten, avsluttar Helena.

Les meir

Concours International de Danse Classique de Grasse
Prix de Lausanne