Fagprofilen: Jorge Manilla – Alt heng saman

Den nye professoren i metall- og smykkekunst er imponert over forholda og dei tilsette ved Kunsthøgskolen i Oslo, og han er sikker på at skulen vil bli lagd merke til i tida framover. Jorge Manilla takkar boksinga, ei av dei nasjonale idrettsgreinene i Mexico, for at han fekk ein kunstnarleg karriere.

English vertion

– For to år sidan var eg invitert som gjestelærar til Kunsthøgskolen i Oslo (KHiO), og frå første stund vart eg forelska i skulen, imponert over forholda her og den fridommen studentane får, seier Jorge Manilla. – Eg vart interessert i det tverrfaglege samarbeidet mellom kunst- og handverksavdelingane. No til dags stengjer dei fleste universitet kunst- og handverksavdelingane sine og legg meir vekt på biletkunst. Ved KHiO er det annleis. Og eg har eit svært godt inntrykk av studentane, seier han, og lèt oss få vite at han har planar om å utvikle ein hovudfilosofi for området metall- og smykkekunst ved KHiO, saman med studentane og dei tilsette.

– Som professor har eg det klart for meg at vi som institusjon er ein del av historia til smykkekunsten, vi har ei rolle og eit ansvar, seier han.
Jorge Manilla voks opp i Mexico. Bestefar og far hans var begge tradisjonelle gullsmedar. Manilla drøymde om å bli skulptør – kunstnar. Denne avgjerda var ikkje velkomen heime, og då han var 15, sa mor hans at han måtte reise heimanfrå viss han ikkje endra planar.
– Der og då tok eg ei av dei viktigaste avgjerdene i livet mitt og bestemte meg for å gå heilt og fullt inn for boksing og for arbeidet som skulptør. Det berga livet mitt på alle måtar. Boksing gav meg disiplin og struktur og eit klart hovud til å bestemme meg for neste steg i livet.

Dei rette avgjerdene

– Nokre år etter at eg reiste heimanfrå, drog eg til Kunstakademiet for første gong – for å arbeide som modell. Sidan eg var boksar, hadde eg ein veltrena kropp, og eg trong pengar fordi eg då hadde begynt å tenkje på å slutte med boksing. Samtidig begynte eg å studere teikning og skulptur. Denne endringa i tilværet hjelpte meg til å ta avgjerda om at eg skulle slutte med boksing og studere på fulltid og begynne med studia i smykke- og gullsmedarbeid, fortel Manilla.

– Oldefar på fars side var ein tradisjonell meksikansk gravør, han dreiv aktivt med kunst og politikk, og han har alltid vore ein rollemodell for meg. Han vart drepen av regjeringa, ingen veit kvar han er gravlagd. Mexico er eit svært korrupt land – viss du er usamd med regjeringa, blir du drepen. Mødrer og koner seier alltid farvel til barna og ektefellane sine, for du veit aldri om dei kjem tilbake. Kven veit kva som ville ha skjedd med meg viss eg hadde teke ei feil avgjerd og ikkje teke sjansar. Soga mi hadde heilt sikkert vore ei anna.

Menneskelege kjensler, lêr og bein

I 2003 bestemte Jorge Manilla seg for å flytte til Belgia, og tre år seinare tok han ein bachelor i skulptur ved det kongelege kunstakademiet i Gent. Eitt år etter begynte han på kunst- og design ved St Lucas universitet, der han tok ein master i smykke- og sølvsmedarbeid i 2007.
– Eg er interessert i å skape tredimensjonale former som skulpturar, objekt og smykke, fordi det for meg er same metodelære. Det betyr ingen ting om gjenstanden er liten eller stor. Det sentrale emnet for meg er menneskelege kjensler, liv og død. Kvar gjenstand er som små alter, fysiologisk, emosjonelt og religiøst. Eg likar å overføre dette til materiala. Meksikanarar er svært kroppslege, vi seier hallo, kysser, klemmer og handhelsar. For meg er berøring svært viktig, og eg bruker mykje naturlege materiale, som lêr, tre, stein og menneskebein, fordi dei er knytte til den kulturelle fortida mi, ein kan ta på materiala, og dei har temperatur og tyngd, fortel Manilla.

– Eg frydar meg over å lage smykkekunst, og i mange år elska eg å lage ringar, fordi ringar for meg er små gjenstandar som er fulle av meining og symbolikk, og som folk ber nesten kvar dag, berører og har nær. Men eg er open for andre gjenstandar òg, det endrar seg avhengig av emna mine og seriane eg arbeider med, seier han. – Av og til reagerer folk sterkt, dei unngår arbeida mine og ser på dei som stygge, men når dei veit meir om laga av meining bak, synest dei det er spennande. Eg ønskjer å kommunisere og få folk til å reagere på arbeidet mitt, slik at dei føler seg ukomfortable eller tiltrekte eller begge delar. Når eg berre blir gratulert med ei ny utstilling, føler eg meg fortapt, og eg treng eit nytt prosjekt for å utfordre meg sjølv til å prøve nye ting, og igjen er eg i ein konstant dialog med meg sjølv for å byggje språket mitt på nytt.

Døden og aztekarane

Dei siste åra har Jorge Manilla oppdaga sin kjærleik for fargen svart. Han føler at svart er knytt til noko løynt, det hemmelege og ukjende, og såleis skaper fargen eit skjær av mystikk. Han held ting innestengde, skjulte frå omverda. Dei mørke formene og skapnadene skaper ein barriere mellom tydinga av objekta og verda omkring. Svart signaliserer sjølvkontroll og disiplin, uavhengigheit og ein sterk vilje. Fargen gir eit inntrykk av autoritet og makt. For Jorge Manilla er svart slutten, men slutten impliserer alltid ei ny byrjing. Når lyset dukkar opp, blir svart til kvitt, fargen på nye byrjingar.

– Svært ofte har eg vorte spurd om eg er depressiv på grunn av dei mørke sidene ved arbeidet mitt. Det er eg ikkje, men dei kulturelle referansane mine er sterke, og når eg bruker dei som inspirasjon, kan det sjå depressivt ut når dei blir omforma til materiale og former. Frå den aztekiske kulturen bruker eg tema som død, blod og offer. Aztekarane vart krigarar i vid forstand – det var ikkje berre viktig å vere i stand til å slåst eller drepe, men å arbeide hardt for å vere ein person som hadde høge verdiar og var best på sitt område. Dei vart trena til å bli ofra til gudane og til å godta døden med glede. I dag er kulturen vår ei blanding av gammal tru og katolisisme, for då spanjolane kom til Mexico, vart 80 % av aztekarane drepne, og resten vart slavar. Og ei mengd av dei valdelege sidene ved landet mitt har ikkje endra seg, fortel Manilla.

– Den viktigaste dagen i Mexico er 2. november, allehelgensdag. På denne dagen blir vi minte om at når vi døyr, kjem vi til ein betre plass, så vi feirar døden ved å ete sukkerskallar. Dei symboliserer at du skal ta imot døden på ein positiv måte. Det gjer deg medviten om at du er skjør og forgjengeleg.

Kunnskap må delast

– Året etter at eg hadde teke eksamen, dreiv eg med alt mogleg for å overleve, men det andre året vart eg heilt overraskande invitert til å undervise, og då starta eg på ei ny og forunderleg reise i livet mitt. Kanskje var eg svært naiv på det tidspunktet, men det var lett for meg å forstå studentane og gi dei det eg hadde hatt bruk for eitt år tidlegare. Etter det har eg undervist fleire stader samtidig, først i Europa og så i Sør-Amerika, og nokre år seinare vart eg òg invitert til USA. Gjennom alle desse åra har eg fått bekrefta kvar dag at studentane er svært viktige for meg, seier han.

– Ved å kombinere dei kunstnarlege aktivitetane mine og undervisning forstod eg fort at gode kunstnarar ikkje alltid er gode lærarar, og omvendt. På skulen kan du ikkje vere kunstnar, for det er alltid ein fare for at ditt ego vinn, og der handlar det ikkje om deg, men om studentane. For meg er det fysisk og mentalt hardt å vere så nær meir enn 30 studentar. Men i min undervisningsfilosofi er kommunikasjon svært viktig, og eg er god på å analysere og rettleie studentane ut frå deira behov.

Som følgje av yrkesaktiviteten som både kunstnar og lærar seier Manilla at han har lært å forstå at kunnskap er noko som må delast og sirkulere, elles rotnar han.

– Eg skrur meg sjølv av og på i studioet. Det har eg gjort i ti år. Eg er svært oppteken av mitt eige arbeid, og eg har oppdaga at det å ha denne innstillinga gjer alt mogleg, og eg er alltid klar til å omstille meg og dele all den informasjonen og kunnskapen eg har. For meg heng alt saman, som lærar er det viktig at eg ikkje mistar inspirasjonen til å drive med mitt eige arbeid, at eg er i stand til stadig å lage nye verk og til å bruke informasjonen og inspirasjonen eg samlar kvar dag. Og eg er svært klar over at eg kvar dag lærer svært mykje av studentane, dei har ei frisk og sterk tilnærming, og det er som ei stor gåve for meg.

Indre fred

No pendlar Jorge Manilla mellom Belgia og Noreg, som einsleg far for ei 14 år gammal dotter og kunstnar i studioet sitt i Gent, eit studio i eit tidlegare kloster frå 1500-talet. Han arbeider som professor og fagområdeansvarleg for metall- og smykkekunstavdelinga ved Kunsthøgskolen i Oslo og arbeider samtidig med doktorgraden sin med tittelen «Other Bodies» ved kunsthøgskolen i Antwerpen.
– Eg har alltid drive med mange ting samtidig, men du må vere roleg for å greie det. Eg trur det er noko eg har med meg frå Mexico. For å overleve i rastlause Mexico City, der eg voks opp, må du halde deg roleg innvendig. Eg var boksar, eksplosiv på utsida, men du treng indre fred for å vere eksplosiv. For å bevare den indre roa slåst eg med egoet mitt kvar einaste dag, slik at eg kan finne balansen og vere heilt ærleg og vere meg sjølv. Når eg viser fram arbeidet mitt, føler eg at eg deler mi personlege verd med andre.

Manilla har planar om nokre endringar ved metall- og smykkekunstlinja ved KHiO, mellom anna vil han gjere både handverk og omgrep sterkare, slik at det blir meir synleg for eit publikum utanfor KHiO.

– Eg blir verande ved KHiO i fem–seks år. Det å vere her ein såpass lang periode er ein del av min motivasjon for å ta denne jobben – stabilitet er på dette tidspunktet svært viktig i livet mitt, fordi eg har ein visjon om å utvikle ein identitet for metall- og smykkekunstavdelinga, og desse tinga må utvikle seg over tid. Eg må bli meir involvert med studentar og kollegaer. Gjere små, men stadig tydelege endringar, seier han. – Vi har ei sterk gruppe med tilsette, fem personar med ulike eigenskapar. Vi gir studentane fridom til å lage sine eigne opplegg – og til å utvikle sin eigen filosofi. Dessutan ønskjer eg å gi dei meir erfaring, både praktisk og emosjonelt. Studentar stolar på oss, og vi må stole på dei.

Er det verkeleg smykke

Manilla har vore involvert i prosjekt i Tyskland, Sverige, Belgia, Nederland, USA, Mexico, Chile, Argentina og Brasil. For to år sidan heldt han ti separate utstillingar, det var det sprøaste året så langt, med dobbelt opp med forelesingar og kurs. Han får stadig nye invitasjonar til å stille ut og vere med på kunstutstillingar. Manillas arbeid har vore vanskelege å kategorisere, og han er svært glad for å bli invitert inn i kunstverda. Han ser det som ei naturleg utvikling at han blir involvert i desse prosjekta, og han trur det er fordi han har arbeidd hardt og investert mykje tid på kunstnarleg aktivitet dei siste åra.

– Eg har auge for og er svært merksam på detaljar og små element i arbeidet mitt, og dei siste åra har eg prøvd å kombinere dette med ein svært personleg idé. I doktorgradsarbeidet mitt dei siste åra har eg oppdaga ein interessant balanse mellom tenking og utforming. I denne tida har eg arbeidd mykje med måten ein stiller ut arbeid, for å få folk til å samhandle med arbeidet mitt på ein ny måte. Eg trur det må vere grunnen til at eg i større grad blir involvert i kunstprosjekt, seier han.

– Når du ser på arbeid av enkelte kunstnarar frå mitt område, kan du sjå kva for skular dei har gått på, og kva for lærarar dei har hatt. I mitt tilfelle er det annleis, folk seier til meg: «Vi kan kjenne att arbeida dine, men vi kan ikkje seie kva for skule du kjem frå, eller kven referansane dine er.» Og på ein måte er eg glad for å høyre det, for eg er berre ein meksikansk fyr med stor trong til å kommunisere på ein kunstnarleg måte, og til å ha mitt eige uttrykk i former og materiale. Sidan eg har vore borte frå landet mitt i så mange år, har eg lært å leve mellom to realitetar, og eg har lært å skape eit meir universelt språk for å kommunisere gjennom arbeida mine. Estetikken i det eg lagar, endrar seg heile tida, og dei visuelle sidene ved arbeida mine har begynt å fortelje nye soger.

Manillas familie har blitt svært stolt av han no som åra har gått, og dei forstår kor alvorleg og viktig avgjerda hans var for han. Faren er borte, men for mor hans har det vore ein merkeleg prosess, seier han, å forstå kva han gjer, og sjølve omgrepet smykkekunst, sidan ho har levd saman med ein tradisjonell gullsmed i mange år.

– «Er det verkeleg smykke», spurde ho i starten. No har ho akseptert arbeidet mitt og min måte å leve på, og familien har lært å sjå ting i eit anna lys, seier Manilla. – Livet som kunstnar er ikkje lett, men vi må feire at vi er her no, at vi har fridom til å uttrykkje oss og er i stand til å kommunisere vår eigen visjon for verda til verda. Og eg er svært glad for at eg har sjansen til å vere avdelingsleiar ved KHiO og sakte vere med på å forme ein imponerande felles skapande hjerne – lærarane, studentane og meg sjølv.



Jorge Manillas neste prosjekt:

European Triennial for Contemporary Jewellery, WCC•BF Anciens Abattoirs, Mons Belgium (october 2018)

The decorated man, makers and wearers, Folk Science Museum, Leiden, Nederland (desember 2017)

«CHAOS» in cooperation with Gallery Alliage, co-curator and main exhibitor, Gallery Alliage, Lille, France (desember 2017)

Frontera, MAD Museum, New York, USA (februar 2018)

Schmuck Exhibition 2018, Internationale Handwerkmesse Münich, Münich Germany (March 2018)

Ineffable, Solo show by Jorge Manilla, Gallery Pont en Plas, Ghent, Belgium (June 2018)


Biografi


Jorge Manilla kjem opphavleg frå Mexico, men bur og arbeider i Belgia. Han kjem frå ein familie med meksikanske gullsmedar og gravørar, og studerte bildande kunst ved kunstakademiet i San Carlos i Mexico. Han fekk ei framifrå teknisk smykkeopplæring ved akademiet for kunst og design ved det meksikanske instituttet for kunst.

I 2003 tok han ein bachelorgrad i skulptur ved kunstakademiet i Gent. To år etter kom han inn på kunstlinja ved St Lucas Universitet, der han tok ein mastergrad i smykkekunst og sølvsmedarbeid i 2007.

Gjennom å skape smykkekunst utforskar Jorge Manilla omgivnadene sine – religion, kjensler, mellommenneskelege forhold og meininga med livet.

Ved sida av det profesjonelle arbeidet som kunstnar, og før han vart professor ved metall- og smykkekunstavdelinga ved KHiO, har Manilla arbeidd som forskar og med doktorgraden sin, som har tittelen «Other Bodies Design», ved kunstakademiet i Antwerpen. Han har òg ansvar for første år på masterstudiet ved Alchimia skole for samtidig smykkekunst i Firenze i Italia. Vidare underviser han og held kurs og forelesingar ved ulike kunst- og design-høgskolar rundt omkring i verda.

Arbeida hans har vorte viste ved ulike utstillingar, og blir kjøpte inn på alle fem kontinent.


Utdanning
1994–97 Teikning og skulptur ved San Carlos Academy, Mexico City, Mexico
1998–2002 Smykkekunst og sølvarbeid, Escuela de Diseño y Artesanías (INBA), Mexico City, Mexico
2002–03 Bachelor i skulptur, Royal Academy of Fine Arts (KASK), Gent, Belgia
2003–06 Master i smykkekunst og sølvarbeid, St Lucas University College of Art and Design, Antwerpen, Belgia
2008–09 Praktisk-pedagogisk kurs ved PCVO Het Perspectief, Gent, Belgia
2014–2017 Forskingsprosjekt (PhD) ved Royal Academy of Fine Arts, Antwerpen, Belgia

Arbeidserfaring
2017
Professor i metall- og smykkekunst. Avdelingsleiar ved Kunsthøgskolen i Oslo, Noreg
2016
Lærar ved første års masterprogram på smykkedesign og sølvsmedarbeid, Alchimia Contemporary Jewellery School i Firenze, Italia
Gjestelærar ved metall- og smykkekunstprogrammet ved San Diego State University
Gjestelærar ved Kunsthøgskolen i Oslo, Noreg
2014–2015
Lærar ved masterprogrammet smykkedesign og sølvsmedarbeid ved Alchimia Contemporary Jewellery School i Firenze, Italia
2013–
Forskar (PhD) ved «Other Bodies»-prosjektet ved Royal Academy of Fine Arts, Antwerpen, Belgia
2010–2015
Lærar i smykkedesign og sølvsmedarbeid ved Royal Academy of Fine Arts, Antwerpen, Belgia


Fagprofilen er ein serie der redaksjonen i khio.no kvar månad presenterer ein fagperson ved Kunsthøgskolen i Oslo. Presentasjonen vil vanlegvis skje gjennom intervju og bli publisert på norsk og engelsk. Målet med serien er å presentere breidda i den faglege verksemda ved Kunsthøgskolen og å fremje internasjonal kontakt og interesse for fagleg og kunstnarleg utviklingsarbeid.