Fra "Kva du vil" - Ine Marie Wilmann. 2010. Foto: Stephen Hutton

Teaterhøgskolen

Teaterhøgskolen har sidan etableringa i 1953 vore den leiande institusjonen for utdanning av scenekunstnarar. Teaterhøgskolen tilbyr bachelorstudium for skodespelarar og regissørar, og eit masterstudium i teater med fordjuping i skodespelarfag, regi, scenetekst eller scenografi. Avdelinga tilbyr òg praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) i teater.

Teaterhøgskolen arbeider både tradisjonelt og eksperimentelt. Utgangspunktet er å utdanne kompetente scenekunstnarar til teatermiljøet. Visjonen er å utdanne studentar som sameinar den tradisjonelle handverksorienteringa som har stått sterkt ved mange av institusjonane, med det meir eksperimentelle og skapande arbeidet som har prega det frie feltet.

Teaterhøgskolen tilbyr ikkje berre ei profesjonsretta utdanning, men ei fullverdig kunstutdanning. Vi ønskjer å utvikle det kunstnariske samvitet til studentane, og gi miljøet ikkje berre det det har bedd om, men kanskje også noko det ikkje visste at det trong.

Bachelor i skodespelarfag

Fra "Macbeth" - Jonas Strand Gravli. 2014. Foto: Stephen Hutton

Lista over kven som får tilbod om studieplass finn du her. (Publiserast 24. juni kl. 15:00)

Studentane ved det treårige bachelorstudiet i skodespelarfag skal utdannast til sjølvstendige, skapande kunstnarar på høgt nivå, som gjennom erfaring med ulike metodar skal utvikle det personlege uttrykket sitt. Utdanninga gir studentane solide føresetnader for å gjere profesjonelt skodespelararbeid i sceniske produksjonar, så vel som på film, tv og radio. Teater er ein kollektiv kunstart, og studenten skal også lære å arbeide med eit ensemble og å samarbeide med andre kunstnarlege og scenetekniske yrkesgrupper.

Utdanninga tek utgangspunkt i teoriane og arbeida til den russiske teaterpedagogen Stanislavskji. Hovudfaget er skodespelarfag. I første studieår begynner faget med innføring i grunnleggjande skodespelarteknikk. Studiet har ein jamn progresjon fram mot framsyningar med tilnærma profesjonelt nivå i tredje studieår. Studentane arbeider også med sjølvstendige sceniske prosjekt som skal føre til visingar.

Skodespelarfaget utgjer omtrent halvparten av studiet. Den andre halvparten består av ulike støttefag som bevegelse og improvisasjon, dans, tale og stemmebruk, song og musikk, tekst og dikt og dessutan kunstfagleg teori og metode. Det er også filmkurs og eige kurs i radioteater i samarbeid med NRK.

Bachelor i regi

Fra "Faderen eller en pyrrhosseier ..." 2BAregi Angelina Stojcevska.  Hadle Reisæter og Kathrine Thorborg Johansen.2012. Foto: Stephen Hutton

Studentane ved det treårige bachelorstudiet i regi skal utdannast til sjølvstendige, skapande kunstnarar på høgt nivå, og gjennom opplæring i ulike metodar utvikle det personlege uttrykket sitt. Teater er ein kollektiv kunstart, og studenten skal også lære å arbeide med eit ensemble og å samarbeide med andre kunstnarlege og scenetekniske yrkesgrupper. Utdanninga tek utgangspunkt i teoriane og arbeida til den russiske teaterpedagogen, regissøren og skodespelaren Stanislavskij. Studentane skal også bli kjende med andre innfallsvinklar og metodar for regifaget.

I undervisninga jobbar studentane med kvarandre både som skodespelarar og regissørar. Dei arbeider også med andre studentar ved Kunsthøgskolen, og dessutan andre fagmiljø og aktørar – både gjennom regiøvingar og eigne oppsetjingar av aukande omfang og vanskegrad.

I tillegg til hovudfaget regi blir det undervist i skodespelartekniske fag, teaterteori og kunstteori, dramaturgi, dramatikk-kunnskap og produksjon, og dessutan teatertekniske fag.

Master i teater

Under isen av Falk Richter ble vist februar 2016, og var et samarbeid mellom registudent Eirik Fauske, skuespillstudentene Tarjei Westby, Sarah Macdonald Berge og Arturo Tovar, scenetekststudent Hanne Ramsdal, scenografistudent Signe Gerda Landfald, og masterstudent i kostymedesign Matilda Söderling. Veiledere var Carle Lange og Kathrine Tolo, og prosjektleder Petter Width Kristiansen. Foto: Sullivan Lloyd Nordrum

Masterstudiet i teater er eit toårig studium som bygger på ein bachelorgrad i teater eller tilsvarande. Målet med studiet er å utvikle kvar enkelt student til å bli ein sjølvstendig skapande og medskapande scenekunstnar som flyttar faggrenser, bringe inn nye perspektiv og strekke seg mot utfordrande kunstnarlege uttrykk.

Ein vesentleg del av masterstudiet er å utvikle forståing for teater som kollektiv skapande prosess der ulike fag og fordjupingar møtes, utvekslas og utviklas fram mot konkrete kunstnarlege resultat. Studiet rommar ei unik moglegheit for fagleg utvikling og bevisstgjering, og krev samtidig vilje til sjølvstendig arbeid, mogenheit og refleksjon. Prosjektarbeid står sentralt i studiet, og god samarbeisdsetikk blir vektlagt.

Studentane blir tilbydd eit breitt spekter av kurs og moglegheiter for fordjuping, og rettleiarar på norsk og internasjonalt toppnivå innan område som skodespelarfag, scenografi, regi, dramaturgi og scenetekst. Forsking og eksperimentering står sentralt og ikkje minst vil tradisjonelle grenser og kommandolinjer mellom fagområde bli utforska og utfordra. Både individuelt og i samarbeid med ei breitt samansett student- og lærargruppe kan studentane fordjupe seg i kunstnarleg utviklingsarbeid, bidra til å utvikle nye samarbeidsformer og presentere arbeida sine under profesjonelle rammer på ein av Europas fremste kunsthøgskolar.

Studiet kvalifiserer også til å søke Nasjonalt stipendiatprogram for kunstnarleg utviklingsarbeid, samt andre relevante stipendiatprogram. Både enkeltpersonar og grupper er velkomne til å søke.

Les mer om enkeltprosjekter:

Praktisk-pedagogisk utdanning i teater

Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) i teater er ei lærarutdanning for skodespelarar og regissørar som ønskjer å jobbe som faglærarar og teaterpedagogar.

Intervju med student i PPU teater, Line Verndal.

Studiet kvalifiserer for undervisning i grunnskole, vidaregåande skole, vaksenopplæring, folkehøgskolar, og dessutan kulturskole og private teaterskolar.

Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) er eit eittårig studium på 60 studiepoeng, og består av pedagogikk, fagdidaktikk og praksis. I studiet inngår 12–14 vekers integrert rettleidd praksisopplæring.

Pedagogikk er læra om oppseding, undervisning, læring og utvikling og skal bidra til å gi auka kunnskap og refleksjon i lærarrolla inn mot praksis. Innhald:

  • psykologi; utviklingspsykologi, relasjonar, kommunikasjon, læring og motivasjon
  • filosofi; ulike grunngivingar og fokus for oppseding og undervisning, etikk og verdimedvit
  • sosiologi; samfunn, kultur, gruppeprosess og samspel
  • didaktikk/undervisningslære; «kva, korleis og kvifor» i undervisninga, læreplanar og vurderingsarbeid

Fagdidaktikk handlar om ulike faglege tilnærmingar og perspektiv på undervisning retta mot ulike målgrupper og læringsarenaer. Det å få erfaring med, tilbakemelding på og gode eksempel på planlegging, gjennomføring og vurdering av undervisning står sentralt, og studentane møter eit breitt utval av lærarkrefter. Emnet er delt inn i følgjande område:

  • leik, kreativitet og skapande arbeid med barn
  • samspel, improvisasjon og komposisjon
  • teaterteknisk grunnlagsarbeid (rolle- og karakterutvikling)
  • teaterdidaktisk fordjuping: konsept og regi

I praksisopplæringa får studentane erfaring med ulike sider ved læraryrket. I samarbeid med praksisrettleiar får studentane trening i å planleggje, organisere, gjennomføre og vurdere opplæring i samsvar med pedagogiske og didaktiske prinsipp. Praksisopplæringa blir gjennomført med elevar i ulike aldersgrupper og er primært/normalt retta mot kulturskole/ private teaterskolar og vidaregåande skole.

Praktisk-pedagogisk utdanning i både teater og dans er administrert av avdeling Balletthøgskolen.

Det holdes informasjonsmøte om studiet onsdag 15. februar 2017 kl. 17.00.

Opptak

Bachelor i skodespelarfag

For å bli teken opp til studiet blir det kravd generell studiekompetanse og beståtte opptaksprøvar. Unntak frå krav om generell studiekompetanse gjeld for søkjarar som kan vise til spesielle faglege kvalifikasjonar.

Opptaket skjer gjennom juryering ved opptaksprøvar. Årleg blir det oppnemnt nye opptakskomitear som skal bestå av både interne og eksterne medlemmer. Vi ønskjer kandidatar som viser fantasi, uttrykksbehov, motivasjon og scenisk utstråling.

Kandidatane skal beherske norsk/skandinavisk språk.

Lista over kven som får tilbod om studieplass finn du her. (Publiserast 24. juni kl. 15:00)

Søknadsfrist 15. desember 2016.

Les gjennom søknadsprosedyren, og last ned søknadsvedlegg. NB! Vedlegget må lagres lokalt på din datamaskin og så fylles ut ved hjelp av siste versjon av Adobe Reader.

Bachelor i regi

Opptak skjer på grunnlag av opptaksprøvar og generell studiekompetanse. Søkjarane blir rangerte etter resultata frå opptaksprøvane. Unntak frå krav om generell studiekompetanse gjeld for søkjarar som gjennom opptaksprøven kan dokumentere spesielle faglege kvalifikasjonar.

Opptaka skjer gjennom juryering ved opptaksprøvar. Det blir gjennomført ei heilskapleg vurdering av kvar enkelt søkjar med særleg vekt på kunstnarleg eigenart og kor personleg eigna dei er.

Kandidatane må kunne både norsk og engelsk.

Ikkje opptak i 2017.

Master i teater

Mastergradsstudiet bygger på ei treårig bachelorgrad (180 studiepoeng) eller tilsvarande. I samband med søknaden må det veljast ei fordjuping, og dokumentasjon på utdanning (minimum 80 studiepoeng) relevent for fordjupingsfaget, ev. tilsvarande realkompetanse, skal dokumenteras.

Alle søkarar må forstå eitt av dei skandinaviske språka og snakke engelsk.

Opptak skjer etter skriftleg søknad og personleg intervju/opptaksprøve. Når søknadskrava er innfridd avgjer intervjuet og/eller opptaksprøve rangeringa av søkarane.

Opptaksprøvene haldast på Kunsthøgskolen i Oslo i perioden 29. mai–2. juni. Dei som blir kalla inn til opptaksprøver vil få beskjed seinast 5. mai og må halde av heile opptaksuka. Innkalla søkarar vil bli bedne om å gjere førebuingar i form av ei oppgåve.

Søknadsfrist: 1. april 2017 (OBS! Ny frist)

Les gjennom søknadsprosedyren, og last ned søknadsvedlegg.
NB! Vedlegget må lagres lokalt på din datamaskin og så fylles ut ved hjelp av siste versjon av Adobe Reader.

Praktisk-pedagogisk utdanning i teater

Opptak skjer på grunnlag av en totalvurdering basert på godkjente opptakskrav. I tillegg rangeres søkerne basert på den enkelte students faglige kompetanse vist ved opptaksprøve, egnethet og av studiegruppens sammensetning. Søkeren må dokumentere kommunikative ferdigheter i norsk (eller annet nordisk språk).

Krav til opptak for PPU i teater er:

En bachelorgrad i utøvende eller skapende teaterfag med minimum 180 studiepoeng teaterfag.

Godkjenning av utdanning:

Dersom du ikke har en formell bachelorgrad i teater, er det mulig på forhånd å søke om godkjenning av realkompetanse og / eller annen utdanning.

Søknadsfrist for godkjenning av utdanning: 1. mars 2017

Vær oppmerksom på at en eventuell godkjenning må foreligge før du søker opptak til studiet, som har søknadsfrist 1. april 2017.

Søknaden skal inneholde:

Brev med informasjon om:

  1. Hvilke av våre utdanninger du ønsker å bli vurdert i forhold til. Vi kan kun vurdere opp mot utdanninger vi selv tilbyr. Vi vurderer om kompetansen er likeverdig, ikke nødvendigvis lik. Har du en bakgrunn som ikke tilsvarer et av våre program, må du søke godkjenning ved annen relevant utdanningsinstitusjon.
  2. Utdanningsbakgrunn/ eventuelt bakgrunn for realkompetansevurdering.
  3. Hva en eventuell vurdering skal brukes til (videre studier/lønnsplassering etc.).

For vurdering av utdanning:

  1. Kopi av vitnemål på originalspråket og oversatt til norsk eller engelsk.
  2. Kopi av karakterutskrift på originalspråket og oversatt til norsk eller engelsk.
  3. Kopi av studieplan.
  4. Utfyllende CV med informasjon om relevant utdanning og arbeidserfaring med nøyaktige datoer til/fra.

For vurdering av realkompetanse:

  1. Fyldig portfolio med dokumentasjon av kunstfaglige prosjekter.
  2. Dokumentasjon av publikasjoner og omtale i presse/av kunstkritikere osv.
  3. Dokumentasjon av eventuell utdanning med vitnemål, karakterutskrift og kopi av studieplan. For nærmere detaljer se beskrivelsen over.

Søknad sendes til postmottak@khio.no, Søknaden merkes med Søknad om kompetansevurdering, opptak PPU.

Søknadsfrist: 1. april 2017.
Les gjennom søknadsprosedyren, og last ned søknadsvedlegg
NB! Vedlegget må lagres lokalt på din datamaskin og så fylles ut ved hjelp av siste versjon av Adobe Reader.

Felles søknadsprosedyre for alle studiene

  1. Last ned søknadsvedlegget (bla til du finner ditt fagområde). Les all informasjonen grundig og fyll ut vedlegget i Adobe Reader.
  2. Registrer personopplysninger og studieønskeSøknadsweb. Når du registrerer deg må du lage din egen personlige pin-kode som du bruker hver gang du logger deg på. Når du har registrert deg på Søknadsweb og valgt studium, vil du motta en kvittering med ditt søkernummer på e-post.
  3. Last opp søknadsvedlegget til Søknadsweb. Last deretter opp de andre dokumentene som står beskrevet i vedlegget. Følg veiledningen nøye. Du ikke får kvittering for hvert opplastet dokument, men du kan til enhver tid til sjekke hvilke dokumenter du har lastet opp ved å klikke på mine dokumenter inne i Søknadsweb.

Det vil være mulig å laste ned søknadsvedlegg og å registrere seg på Søknadsweb ca to måneder før søknadsfristen.

Spørsmål om opptak sendes til postmottak@khio.no. Skriv navnet på studiet i emnefeltet.

Utveksling

Dersom du er interessert i å vere utvekslingsstudent ved Kunsthøgskolen i Oslo, gå til sida Student Exchange.

Dersom du vil vite om moglegheitene studentar ved Kunsthøgskolen har for å søkje om utveksling i utlandet, gå til sida for studenter.

Studentar

Ansatte