Presseinvitasjon: Disputas Eva-Cecilie Richardsen - "Exhibiting Choreography"

Koreograf og stipendiat Eva-Cecilie Richardsen forsvarer sitt forskningsarbeid "Exhibiting Choreography – exploring transmission across disciplines and discourses" i disputas ved Kunsthøgskolen i Oslo.

Tid: tysdag 26. april 2016 kl. 16.00-18.00
Stad: Kunsthøgskolen i Oslo, Fossveien 24, Auditoriet (disputasen er på engelsk)

Gjennom eit omfattande researcharbeid og tverrestetiske eksperiment har Richardsen undersøkt spørsmål rundt verksavgrensing, autonomi, kronologi og romleg perspeksjon. Gjennom metoden «Speaking & Building» har ho funne ein strukturelt konsekvent og poetisk måte å adressere produksjonsvilkår og skaping på der synleggjeringa av prosessuelle strategiar framfor avsluttande verk står sentralt.

Richardsen er stipendiat i Program for kunstnerisk utviklingsarbeid ved avdeling Balletthøgskolen, Kunsthøgskolen i Oslo.

Les meir om disputasen, bedømmelsekomité, sjå bilete og omtale av forskingsresultata.

Disputasen er open for pressa og andre interesserte.
Etter disputasen er det eit lukka arrangement med enkel servering. Det er mogleg å gjere eigen avtale om å møte stipendiaten.

Pressekontakt

kommunikasjonssjef Atle Faye, telefon 913 47 369, e-post: atle.faye@khio.no