Presseinvitasjon: Disputas Birgitte Appelong – «Lys i rom»

Interiørarkitekt Birgitte Appelong forsvarar sitt forskingsarbeid «Lys i rom» i disputas ved Kunsthøgskolen i Oslo.

Tid: fredag 22. april 2016 kl. 12.00-14.00
Stad: Kunsthøgskolen i Oslo, Fossveien 24, Auditoriet

Appelong har testa ut det naturlege lysets eigenskapar i Kolonnesalen på Jarlsberg Hovedgård.

Lysverket tar i bruk det særeigne fenomenet nordisk lys som er karakteristisk på grunn av ein lengre solnedgang og den påfølgjande såkalla blå timen. Appelong brukar overgangen frå dag til natt og kjem med eit supplement til dette i form av kunstig lys med LED-teknologi. Dette blir gjort i eit rom som ikkje tidlegare har vore lyssett med permanent elektrisk belysning, og prosjektet viser korleis moderne teknologi kan integrerast i verna bygg.

Appelong er stipendiat i Program for kunstnarleg utviklingsarbeid ved avdeling design, Kunsthøgskolen i Oslo.

Les meir om disputasen, bedømmelsekomité, sjå video og omtale av forskingsresultata.

Disputasen er open for pressa og andre interesserte.
Etter disputasen er det eit lukka arrangement med enkel servering. Det er mogleg å gjere eigen avtale om å møte stipendiaten.

Pressekontakt

kommunikasjonssjef Atle Faye, telefon 913 47 369, e-post: atle.faye@khio.no