KHiO akkreditert som vitskapleg høgskole

NOKUT styre vedtok 12. desember akkreditering av Kunsthøgskolen i Oslo som vitskapelig høyskole.

NOKUT fatta tilsvarande vedtak i 2015, men blei i 2017 bedt av Kunnskapsdepartementet om å gjennomføre ei supplerande vurdering i høve til skjerpa krav til institusjonsakkreditering. I rapporten frå den supplerande vurderinga konkluderer dei sakkkunige m.a. med at utdanninga og det kunstnariske utviklingsarbeidet ved Kunsthøgskolen har eit høgt internasjonalt nivå.

I brev av 12.12.2017 frå NOKUT til Kunsthøgskolen heiter det m.a.:

Kunsthøgskolen i Oslo tilfredsstiller kravene til akkreditering slik disse er utformet i forskrift om kvalitetssikring og kvalitetsutvikling i høyere utdanning og fagskoleutdanning § 3-5 og § 3-7, og forskrift om tilsyn med utdanningskvaliteten i høyere utdanning § 3-1. Kunsthøgskolen akkrediteres som vitenskapelig høyskole for fagområdet kunst.
NOKUT har 12. desember 2017 oversendt orientering om vedtaket til Kunnskapsdepartementet i samsvar med forskrift om kvalitetssikring og kvalitetsutvikling i høyere utdanning og fagskole § 3-5 (5).

Med bakgrunn av vedtaket i NOKUT har Kunsthøgskolen i Oslo i brev av 14.12.2017 til Kunnskapsdepartementet søkt om endring av institusjonskategori til vitskapleg høgskole innan fagområdet kunst.

Les også: NOKUT: Kunsthøgskolen i Oslo akkreditert som vitenskapelig høyskole

Les også: Krono: Kunsthøgskolen gjennom nåløyet