Fotomontasje. Camilla Luihn. Foto: Marie Luihn Suul. Franz Petter Smith. Foto: Kristine Jakobsen

Franz Schmidt og Camilla Luihn til KHiO

Franz Schmidt er tilsett som førsteamanuensis i tekstil kunst og Camilla Luihn som høgskolelektor i smykkekunst, begge ved avdeling Kunst og handverk ved Kunsthøgskolen i Oslo.

Franz Schmidt er tilsett som førsteamanuensis i fagområdet tekstil kunst, i ei åremålsstilling i 50 % for seks år, ved avdeling Kunst og handverk på KHiO.

Franz Schmidt (f. 1969) har sveinebrev som herreskreddar og hovudfag i fagområdet tekstil frå Statens handverks- og kunstindustriskole. Han har hatt fleire separatutstillingar, og har ei variert arbeidserfaring frå norsk tekstilindustri og samarbeidsprosjekt med kollegaer i norsk motebransje, og er også innkjøpt til fleire offentlege samlingar.

I 2018 disputerte Schmidt ved KHiO og forsvarte forskingsarbeidet «Weaving Fabrics for Suits».

Franz Schmidt er tilknytt og har studio i det nedlagte, og nå freda veveri i sentrum av Oslo, Prinds Christian Augusts Minde. Han startar opp på KHiO 1. august 2019.

Meir informasjon: www.franzschmidt.no

Camilla Luihn er tilsett som høgskolelektor i fagområde smykkekunst, i ei åremålsstilling i 50 % for seks år, ved avdeling Kunst og handverk på KHiO.

Camilla Luihn er utdanna frå KHiO, fagområde metall. Hennar kunstnariske praksis omfattar smykkekunst, fotografi, objekt samt grafiske trykk. Ho har hatt ei rekke utstillingar i Noreg og internasjonalt og verka hennar er kjøpt inn til i fleire offentlege samlingar. Ho tok initiativ til kunstnargruppa Arkivet og grunnla, og er redaktør for, smykkekunstregistret Nomekure. I desse dagar opnar ho Portabel, eit prosjektrom for metall- og smykkekunst ved Kirkeristen i Oslo.

Luihn kjem frå stilling som formidlingsleiar i Norsk Billedhoggerforening og startar opp på KHiO 1. september 2019.

Meir informasjon: www.luihn.no