Elnaz Gargari vann Designers Nest 2017.

Designstudent Elnaz Gargari vann prestisjepris

Under moteveka i København, vann Elnaz Gargari talenttevlinga Designers Nest. Det er første gang Noreg vinn denne prisen.

-No har eg landa litt og skjønar at eg har vunne, seier ei glad Elnaz Gargari nokre dagar etter sigeren. Eg synes det var stort berre å få vere med, å vinne er heilt ubeskrivelig. Det var jo så mange flinke med.

Designers Nest er ei tevling for dei beste nyutdanna designtalenta i Norden. Det heile fann stad tirsdag 8. august i København, under den største moteveka i Nord-Europa.

-Av ein eller annen grunn trudde eg det var fire som vart nevnt då vinnarane skulle kåras, og at dei starta med å lese opp nummer fire. Då navnet mitt vart lest opp, var eg sikker på at eg var nummer to, men så var det nokon som sa – nei, du har vunnet – så eg såg nok ganske overraska ut, då eg kom ut som vinnaren, ler Elnaz.

Plagga ho viste under tevlinga er del av avgangskolleksjonen hennar i vår ved bachelorstudiet i Kles- og kostymedesign. 

Tanken bak kolleksjonen

-Eg er fødd i Finland, budde i Noreg frå eg var 3 til 13 år og så flytta me til Iran der foreldra mine kjem frå. Tanken rundt kolleksjonen min, starta med at eg har sett på korleis kvinner vert vist i media i dag. Eg deler verda i aust og vest, der aust er Iran. Begge stader vert kvinnene objektivisert, men på forskjellige måtar. Eg har lurt på kvifor kvinner vert objekt – er det slik at det i vest blir vist for mykje hud og at dermed blir kvinnene eit objekt. I Iran vert bilder frå vest sensurert ved at kvinnene vert kledd på. Samstundes er det berre andletet som synes på kvinnene i Iran og det vert eit enormt fokus på dette, noko som har ført til veldig mykje andletsoperasjoner. Dermed vert og dei objektivisert.
Problemet slik eg ser det er at «the Malegaze», som eg kaller det, menn, eig media. Dei viser kvinner slik menn ser dei. I kolleksjonen bruker eg herrestoff som symbol på det. Broderia bruker eg som symbol på kvinnelighet. Det har vore mykje arbeid med broderia og dei er laga både med broderimaskin og handsaum, mamma var med og hjelpte meg med handbroderia.

Bodypolitics

-For Khio er dette veldig stort, seier Peter Løchstøer, førsteamanuensis i klededesign. -Me har delteke sidan starten av Designers Nest i 2005 og har vore blant topp fem, Sahzene Nilhan Durmusoglu Johansen fekk tredje plass med sin MA kolleksjon i 2013 og Mathilda Karlstrøm vart ein av dei fem beste i 2014 med sin BA kolleksjon, men det er ingen frå Noreg som har vunnet før. Denne sigeren tek me som eit teikn på at me gjer noko riktig her hos oss på Khio. Det er og interessant kva slags prosjekt som nådde heilt til topps i år, dei hadde alle noko dei ville formidle utover det me vanlegvis tenkjer på som mote. Elnaz rører ved noko i tida, noko som rører publikum og dei som ser kolleksjonen hennar. I tillegg er arbeidet profesjonelt og heiltøpt gjennomført, avsluttar han.

-«Bodypolitics» kallar eg det Elnaz har laga med sin kolleksjon, seier verksmeister i strikk Dagfinn Sigridson Skoglund. -Det er nytt, politisk og samfunnskritisk. I tillegg fungerer teknikken 110%. Har du gjort eit godt handtverk vert du respektert, har du eit skikkeleg konsept i tillegg når du til topps. Elnaz har hovudet skrudd riktig på skuldrene og eg tenker det kunne ikkje skjedd nokon betre, seier ein glad og stolt verksmeister.

Med base i Oslo

Det er fleire i familien med anlegg for design, søstera til Elnaz studerer óg ved Kunsthøgskolen og skal begynne på tredjeåret i Kles- og kostymedesign no i haust.

-Eg hadde allereie studert motedesign i to år i Iran, så eg fekk starte rett på andre året då eg kom til Khio. Søstera mi starta i første klasse. Me har hatt lyst til å starte noko saman, så det håper eg me får til. No skal eg gå vidare på Master og så tenker eg at me vil ha base i Oslo, og så og sei vekse opp som designera her. At eg har vunnet Designers Nest gjer at det er mange som har ringt og det har dukka opp fleire utstillingar som eg har fått tilbod om å delta på. Det er det eg er mest glad for – at arbeidet mitt vert lagt merke til – ikkje pengepremien, sjølv om den sjølvsagt kjem godt med framover.

Pengepremien på over 60.000,- norske kroner skal ho spare fram til det dukkar opp eit skikkeleg prosjekt.

-Det som mangla i studiene i Iran var å ha eit prosjekt, ei forståing for å skape ein kolleksjon. Khio har vore hovudstaden for å utforske meg sjølv som designar. Tidlegare har eg ikkje hatt ein eigen stil . Eg hadde aldri trudd at eg skulle rekke over så mykje som eg har gjort i løpet av desse to åra. Eg anbefaler andre studentar å bruke så mykje som muleg av det skulen har å by på. Khio har kjempeflotte veiledara. Eg ville fleire ganger stikke vekk frå min veileder fordi egkjende meg ikkje klar, men ikkje velg å gå på den trygge sida, Khio er eit trygt sted å dumme seg ut, avsluttar ho.

NRK med dokumentarserie

Elnaz Gargari vert følgd av eit team frå NRK som lagar ein dokumentarserie om bacheloravgangskullet i kles- og kostymedesign på KHiO. NRK har fulgt studentane gjennom det siste vårsemesteret, og vil følgje dei fram til vinteren igjen. Målet er å vise korleis avgangselevane omset lærdom til eit verkeleg liv og byggjer ei karriere. Serien skal visast på NRK våren 2018.




Grunngjevinga til juryen

«Vinnaren har skapa ein kolleksjon av grenselaus mote, som rører seg på tvers av kjønn og geografi. Ho har tolka to dominerande system utan å idolisere eller fremmedgjere den eine framfor den andre. Det er ein personleg ogsamanhengande historie om ei kvinne, som vinn tilbake sin eigen kropp og sitt eige blikk – det er ei øving i kvinneleg makt.»

Fem erfarne profilar frå den internasjonale motebransjen satt i juryen
• Marisole Pastori, Senior konsulent hos Eyes on Talents
• Alice Pfeiffer, sjefredaktør hos Antidote Magazine og bidragsyter til mellom andre Le Monde, The Guardian og I-D.
• Steven Tai, designer Steven Tai
• Annabel Fernandes, digital redaktør hos Purple Fashion Magazine
• Samuel Schler, talensspeider hos Inditex
• Ane Lynge-Jorlén, motekurator og talsperson for Designers’ Nest

Vinnarane vart valgt ut frå desse kriteriene
• Kreativitet og kunstnerisk tolking av samtidstrender
• Innovativt design og materiale
• Potensiale for kommersiell suksess
• Originalitet og ei drivande kraft

Andreplassen gjekk til Sini-Pilvi Kiiilunen frå Aalto University of Art & Design i Helsingfors i Finland, og tredjeplassen til svenske Alecsander Rothschild frå Beckmans College of Design i Stockholm.


NRK: Norske Elnaz vant prestisjetung talentpris under Nordens største moteuke

Tre studentar til Designers Nest