ArtEx søkjer topptalent

15. oktober 2018 er søknadsfrist for ArtEx sitt talentutviklingsprogram innan teater, dans, opera, film og musikk.

ArtEx 2019—2020 søkjer etter folk som har vist eit stort kunstnarisk talent innanfor sitt fagfelt. Søkjarar bør ha fullført høgste utdanning innan fagfeltet og vere i gong med ein profesjonell utøvande karriere.

Les meir og søk på talentnorge.no

Talentutviklingsprogrammet ArtEx er etablert for å ivareta kunstnarar på høgste nivå på tvers av sjanger innan utøvande kunstfag og film i Noreg. Programmet er etablert av Talent Noreg og Sparebankstiftelsen DNB i samarbeid med Kunsthøgskolen i Oslo, Den norske filmskolen på Lillehammer og Noregs musikkhøgskole.

Programmet er toårig og samansett av mentorering, coaching og fagsamlingar der høgskolane yter fagleg kompetanse i programmet.

ArtEx er ei forkorting for "Programme of Excellence in Performing Arts and Film". Dette er andre gong programmet blir lyst ut.

Les meir om dei første deltakarane i programmet.