Nettleseren støttes ikke av khio.no, og siden kan vises feil. Vennligst oppgrader til en moderne nettleser. Hvis dette ikke er mulig, prøv å skru av javascript. Siden vil bli da enklere, men for det meste fungere.

Støttede nettlesere: Chrome 117, Firefox (Android) 118, Android WebView 117, Chrome 117, Chrome 116, Chrome 115, Chrome 114, Chrome 109, Edge 117, Edge 116, Firefox 118, Firefox 117, Firefox 91, Firefox 78, Safari/Chrome (iOS) 17.0, Safari/Chrome (iOS) 16.6, Safari/Chrome (iOS) 16.3, Safari/Chrome (iOS) 16.1, Safari/Chrome (iOS) 15.6-15.7, Opera Mobile 73, Opera 103, Opera 102, Opera 101, Safari (MacOS) 17.0, Safari (MacOS) 16.6, Safari (MacOS) 15.6, Samsung 22, Samsung 21

Javascript er skrudd av. khio.no bør fungere, men med et enklere grensesnitt.

Å studere på KHiO: Teaterhøgskolen

Å studere på KHiO: Teaterhøgskolen

Namn: Signe Gerda Landfald
Alder: 36 år
Studium: Master i teater, spesialisering scenografi, Teaterhøgskolen

Kvifor valde du KHiO?

Da eg for to år sidan høyrde at dei skulle starte opp master i scenografi på Teaterhøgskolen, så tenkte eg «shit, dette må eg!» Det var eit heilt nytt studium, men scenografi har vore prøvd her tidlegare, i ein bachelor, som var eit samarbeid mellom Kunsthøgskolen i Oslo og Filmskolen på Lillehammer. Der gjekk eg. Vi pendla mellom Seilduken (KHiO), Kunst- og handverksskolen (i Ullevålsveien) og Filmskolen (på Lillehammer) det første året, og dei to siste åra gjekk eg på Lillehammer. Etter det jobba eg sju år som scenograf for film og TV. Men det er jo scenekunsten og teaterscenografien eg brenn for, og da dette masterstudiet blei oppretta, som sagt, da berre måtte eg søkje. Og det er fantastisk å studere igjen!

Kva forventningar hadde du da du starta?

Eg ynskte å arbeide aktivt, skapande saman med andre scenekunstnarar på skolen. Eg såg fram til å bli kjend med miljøet her på KHiO og gledde meg til å fordjupe meg i scenografifaget, og teste, undersøkje og eksperimentere med å lage teater.

Kva er det mest positive med KHiO?

Mangfaldet! Alle kunstfaga samla under mange tak, eller eitt tak, da. Det gjer det enkelt å knyte kontakt og samarbeide på tvers. Som ein del av masteren min hadde eg scenografi på Askepott, som er avgangsframsyninga for operabacheloren. Her samarbeidde eg med Matilda Söderling som hadde kostymedesign som avgangsprosjekt på master i design. Og nettopp dette mangfaldet og samarbeidet har vore viktig. Til dømes har eg gjort store delar av masteren min saman med Martin Lotherington, som går på master i regi. I haust laga vi framsyninga Ferdinandøyeblikket, som del 1 av masterprosjektet. Det var ei improvisert framsyning der vi forska i det å skape i augeblinken. Vi hadde ein utruleg lærerik prosess og tok med oss fleire av «funna» vi gjorde i arbeidet med Ferdinandøyeblikket, vidare inn i neste prosjekt. Det er også saman med Martin på regi eg gjer siste del av masteren min i scenografi på Teater Ibsen i Skien, der vi set opp August Strindbergs Dødsdansen med premiere i november 2017.

Kven på KHiO har vore viktigast for deg i studietida?

Carle Lange. Han er førsteamanuensis i scenografi, tilsett ved avdeling design, og han har vore ein engasjert og inspirerande rettleiar. Han ser studenten, og eg trur han har vore viktig for mange. Og så vil eg framheve Mette L'orange, eigentleg frå Kunsthøgskolen i Bergen, men ho er òg tilsett i ei 20 % stilling som professor II i farge her på KHiO. Saman med Carle arrangerte ho ein workshop i lys og farge som var utruleg bra og som blei viktig for meg. Elles er det samarbeidet med studiekameratane mine som har vore det viktigaste. Og spesielt da Martin.

Korleis vil du skildre livet på KHiO for ein som vurderer å søkje?

Nokre gonger kan eg halde til i vekevis borte på teater og ikkje ane om det er sol eller regn ute. Aleine inne på ein scene eller saman med ei lita gruppe andre studentar. Andre gonger kan eg vandre rundt og søkje inspirasjon, eg kan gå bort på til dømes keramikk- eller snikkarverkstaden og sjå korleis dei jobbar der, med detaljarbeid og finsnikring, sjå linjene i treverket eller fargenyansane i glasuren … Det er gøy! Det er kort veg mellom isolasjon og det opne, det å ta inn det alle andre held på med. Så til nye studentar vil eg seie: Riv deg laus og ta deg tid til å kjenne på den flotte staden du er på. Eg kunne gått her dobbelt så lenge, trur eg, det er framleis så mykje uutforska.

Kva er draumen framover?

Draumen er jo å få arbeide med faget mitt, å få høve til å vere utøvande scenograf resten av livet. Scenekunst handlar jo først og fremst om det kollektivt skapande, så samarbeid og det å vere i bevegelse saman med andre, er viktig.

Kva har du alltid med deg?

Hm. Ja, kva har eg alltid med meg? Eg tek i alle fall sjeldan toget frå Ås til Oslo utan sekken min. Der har eg mellom anna skisseboka og teikneblyanten min. Ei bok for kvart prosjekt. Eit måleband har eg òg som regel. Men no kom eg på kva eg verkeleg alltid har med meg. Auga mine og blikket mitt. Eg ser og tek inn. Eller skulle det kanskje vere noko litt artig? Nei, skriv det, du.