Nettleseren støttes ikke av khio.no, og siden kan vises feil. Vennligst oppgrader til en moderne nettleser. Hvis dette ikke er mulig, prøv å skru av javascript. Siden vil bli da enklere, men for det meste fungere.

Støttede nettlesere: Chrome 117, Firefox (Android) 118, Android WebView 117, Chrome 117, Chrome 116, Chrome 115, Chrome 114, Chrome 109, Edge 117, Edge 116, Firefox 118, Firefox 117, Firefox 91, Firefox 78, Safari/Chrome (iOS) 17.0, Safari/Chrome (iOS) 16.6, Safari/Chrome (iOS) 16.3, Safari/Chrome (iOS) 16.1, Safari/Chrome (iOS) 15.6-15.7, Opera Mobile 73, Opera 103, Opera 102, Opera 101, Safari (MacOS) 17.0, Safari (MacOS) 16.6, Safari (MacOS) 15.6, Samsung 22, Samsung 21

Javascript er skrudd av. khio.no bør fungere, men med et enklere grensesnitt.

Foto: Erik Berg
Foto: Erik Berg

Å studere på KHiO: Balletthøgskolen

Namn: Sindre Berntsen
Alder: 18 år
Studium: Bachelor i klassisk ballett, Balletthøgskolen

Kvifor valde du KHiO?

For det første var ikkje foreldra mine klare for å sende meg ut, men så var også KHiO ein av dei beste skolane, så det hadde nok vore førstevalet uansett. Her får ein masse mengdetrening, og lærarane er veldig gode! Dessutan får eg studiespesialiserande samtidig. Eg var ganske ung, berre 15 år, da eg flytta frå Bergen for å studere her, så det første året budde eg hos onkelen og tanta mi i Oppegård. Det var ein fin start, å få bu hos familie. Seinare flytta eg inn på ein studenthybel, og no bur eg i leilegheit.

Kva forventningar hadde du da du starta?

Eg såg for meg mykje hardare og meir seriøs trening enn eg var van med, og eg fekk jo rett, eg fekk nesten sjokk då eg såg dagsplanen første gong! Det er lange, intense dagar med mykje trening, men med så god oppfølging og merksemd. Ein blir aldri oversett, uansett om ein er den beste i klassen eller ikkje.

Kva er det mest positive med KHiO?

Klassisk ballett er veldig isolert frå andre linjer. Vi held oss stort sett i studioa i sjuande høgda, men det er veldig godt miljø på linja. Alle er gode med kvarandre, alle er snille og vil kvarandre vel. Studiet er godt lagt opp og ein kan verkelig snakke med læraren eller andre leiarar om det er noko ein ikkje er nøgd med. Og så er det veldig bra kantine, da.

Kven på KHiO har vore viktigast for deg i studietida?

På klassisk har ein éin lærar kvart år, og det er ho eller han som følgjer deg og rettleiar deg heile året. I første klasse var det Tania Rodriguez. Ho fekk meg «plassert», så eg fann tyngda mi, basisen min, reint anatomisk. Men generelt er det Jahn Magnus Johansen som har vore viktigast. Han er streng, og det var viktig. Det er han som har fått meg til å forstå kor hardt ein må jobbe. Ein må bite tennene saman! Det er han eg har å takke for alt, eigentleg. Han er så engasjert! Da eg kom inn her, var det litt sånn, hmm, kan han verkeleg starte her? Eg vog 37,5 og var kanskje 1,64 eller 1,65 m høg, eg var liten, tynn og svak. Men Jahn Magnus, han sa, «jo, han skal inn, han har så mykje fint!» Og slik blei det. Heime trudde mange eg sleit med eteforstyrringar, men det gjorde eg jo ikkje, eg har berre alltid slite med å leggje på meg. Eg gjekk frå to til seks timar med trening om dagen og eg vaks så fort, 14 cm på berre fire månader! Med så rask vekst og all den treninga fekk kroppen reaksjonar, og sidan eg heller ikkje var sterk, blei eg ofte skada. Eg jobba mykje med fysioterapeut Kaja Sætre for å auke stabiliteten og førebyggje skade, og eg fekk ekstra øvingar som tok noko over to timar å gjere, tre gonger i veka.
Og når folk ser meg og spør seg kva som hende mellom første og tredje klasse, er svaret: Jahn Magnus. Han har vore fantastisk. Eg har jobba så hardt, Jahn Magnus blir jo aldri nøgd, men eg tenkte, søren heller, eg er heller ikkje nøgd før Jahn Magnus seier «bra!» Og no gløymde eg å nemne lærarane frå andre og tredje klasse! Ja, ja, eg håpar dei ikkje blir sure!

Korleis vil du skildre livet på KHiO for ein som vurderer å søkje?

Først og fremst veldig fint. Det er godt miljø og ekstremt god oppfølging. Ein får mykje tid med lærarane og kompaniet (dansarane frå Nasjonalballetten, red.anm.), og det er fantastiske fasilitetar. Når eg samanliknar KHiO med dei store skolane ute … eg hadde valt KHiO igjen.

Kva er draumen framover?

Da eg starta, var draumen å komme inn i kompani, og no er eg inne i det norske kompaniet, i junioravdelinga! Vi er faktisk fire frå klassen som har komme inn i Nasjonalballetten UNG, Elise Nøkling-Eide, Astrid Lyngstad, Nora Elise Augustinius og meg sjølv, så det er veldig stort. Eg drøymer sjølvsagt om å jobbe meg fram der, komme inn i hovudkompaniet og bli ein av dei beste. Og seinare kanskje til utlandet?

Kva har du alltid med deg?

Dette nettet! Ballettskoa mine er her, noko å ete, drikkeflaska mi, fotrullar ... og, ja: sjokolademjølk! Eg har ALLTID med sjokolademjølk.