Varslingssak om trakassering ved KHiO

Kunnskapsdepartementet har mottatt varsel om seksuell trakassering ved KHiO. Rektor og direktør har vore i møte med departementet og departementets brev til KHiO er omtalt i nettavisa Khrono og deretter i fleire andre media. 12. januar 2018 vart brevet frå KD med varsling besvart av KHiO.

Fordi saka er omfatta av stor medieinteresse og gjeld arbeidsplassen og arbeidsmiljøet for tilsette og studentar ved KHiO er det laga ei oversikt om bakgrunn og kva som har skjedd i saka.

Bakgrunn

18.12.2017 mottok Kunnskapsdepartementet (Kd) varsel om seksuell trakassering ved KHiO. Varslarane ønskjer å vere anonyme. På bakgrunn av varselet vart rektor og direktør innkalt til møte med departementet 21.12.2017. 22.12.2017 sendte Kd brev til KHiO med krav om oppfølging av varslingssaka, dette brevet blei same dag besvart av KHiO. Breva er offentlege og framgår av departementets og KHiOs journal.

Dei aktuelle breva er:

Brev av 22.12.2017 frå Kd til KHiO
Brev av 22.12.2017 frå KHiO til Kd
Brev av 12.01.2018 frå KHiO til Kd og vedlegg med handlingsplan

Behandling av varslingssaker

Varslarar har bedt om anonymitet. Personar som er berørt av varselet har krav om at saka blir handtert som ei personalsak med teieplikt, jf. forvaltningslova § 13. KHiO kommenterer difor ikkje enkeltsaker spesielt.

Aktuell sak vil bli følgt opp og behandla av rektor og direktør. Det er også berre rektor eller direktør som gir kommentar til media.

Handlingsplan for eit trygt studie- og arbeidsmiljø

KHiO praktiserer nulltoleranse i saker om seksuell trakassering. Dette er tydeleg fastslått gjennom:

Etiske retningslinjer for Kunsthøgskolen i Oslo
Brev frå rektor 07.12.2017: Ansvaret er stort. Om #metoo og vennekultur i akademia

Den nye handlingsplanen vil bli behandla på styremøte i 6. februar.

Rektor og direktør tillyste allmøte for tilsette og studentar måndag 8. januar 2018 kl. 12:15 på Hovudscenen.

Sei ifrå om læringsmiljøet

Intranettsida for studentar er nyleg oppdatert og har fått tydelegare informasjon om regelverket som gjeld og rettleiing i korleis ein kan varsle om saker som gjeld læringsmiljøet. Her finst også etiske retningslinjer for KHiO, rutinar og skjema for varsling.
Lenkje til intranett for studentar

Medieomtale

Departementets brev vart først omtalt i nettavisa Khrono 04.01.2018. I artikkelen er det innhenta kommentar frå rektor ved KHiO. På bakgrunn av oppslaget i Khrono har fleire andre media laga eigne artiklar om varselet.