Mulighetsstudie

Ei arbeidsgruppe har levert rapporten «Mulighetsstudie for forpliktende samarbeid mellom AHO, KHiO og NMH" til Kunnskapsdepartementet.

Bakgrunn

I mai 2016 etablerte Kunnskapsdepartementet ei arbeidsgruppe for å gjennomføre ei moglegheitsstudie for forpliktande samarbeid mellom Noregs musikkhøgskole, Kunsthøgskolen i Oslo og Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo.

Dette er også ei oppfølgjing av Meld. St. 18 (2014-2015), Konsentrasjon for kvalitet — strukturreform i universitets- og høgskolesektoren, der målet med reformen er å etablere sterkare institusjonar med solide fagmiljø.

Arbeidsgruppa vart leia av professor Trine Syvertsen og samansett av representantar frå institusjonane. Frå KHiO deltok Suzanne Bjørneboe, dekan ved avdeling Balletthøgskolen.

Rapport

Rapporten vart levert til Kunnskapsdepartementet 28. april 2017 og kan i sin heilskap lastast ned her.

Les også: Khrono.no 18.05.2017: Ingen klar anbefaling om kunstfusjon i Oslo
(inneheld også intervju med rektor Jørn Mortensen)

  • Kapittel 1 drøftar mandat og gjer greie for fire scenario for organisering og samarbeid.
  • Kapittel 2 oppsummerer strukturen i UH-sektoren generelt og kunstutdanningsinstitusjonane spesielt.
  • Kapittel 3 skildrar fire sceneario, sentrale vilkår, føresetnader og risikoar ved alternativa.
  • Kapittel 4 oppumerer og arbeidsgruppa gjev si tilråding for kvart scenario.

Kva gjer departementet og KHiO?

Rapporten var tema på etatstyringsmøte mellom Kunnskapsdepartementet og KHiO 8. mai 2017.

I brev frå Kunnskapsdepartementet er institusjonane som inngår i moglegheitsstudiet (AHO, NMH og KHiO) bedt om å respondere på følgjande bestilling:

"Kunnskapsdepartementet ønsker å høre institusjonenes vurderinger av mulighetene som skisseres i rapporten og eventuelle vurderinger av andre muligheter som institusjonene ser som aktuelle.”

Det er styret som gjev uttale i saka, før det har rektor lagt opp til følgjande prosess:

6.9 – Allmøte for tilsette. Informasjon om prosess + presentasjon av scenaria
12.9 – Frist innspel frå avdelingar/seksjonar
14.9 – Drøfting av saka i leiarmøte
19.9 – Utsending av styrepapirer (tilgjengeleg på khio.no)
26.9 – Styremøte

Frist for tilbakemelding til Kunnskapsdepartementet er 15. oktober 2017.