Boklansering

Kunstnardrivne visningsrom

Kulturrådet inviterer til boklansering og seminar av boka "Kunstnardrivne visningsrom. Årestadar for ny kunst" av Jorunn Veiteberg.

Det siste tiåret har det blitt etablert fleire kunstnardrivne visningsstadar i Noreg. Dei har vore viktige og vitale årestadar for framsyning og produksjon av ny kunst. Men kva inneber det å vera kunstnardrive eller sjølvorganisert? Kva skil dei frå meir etablerte institusjonar og kommersielle galleri? Er dei å rekna som eit alternativ eller eit supplement? Og viktigast: Kva slags kunst har blitt til på desse stadane?

Jorunn Veiteberg si bok Kunstnardrivne visningsrom. Årestadar for ny kunst gjev ein gjennomgang og analyse av visningsstadane Kurant og Small Projects i Tromsø, Entrée i Bergen og Dortmund Bodega og 1857 i Oslo. På seminaret vil det bli sett fokus på den rolla dei spelar på kunstfeltet i dag.

Jorunn Veiteberg er kunsthistorikar og kurator og har skrive ei rekke bøker og artiklar om sentrale samtidskunstnarar og om kunsthandverk.

Program

12.30 Kaffi og bollar

13.00 Velkomen v/ Kulturrådet

  • Foredrag ved Jorunn Veiteberg
  • Kommentarar ved Mathias Danbolt (Københavns universitet)og Rhea Dall (Unge Kunstneres Samfund)

14.10 Pause

  • 1857, Entrée og Dortmund Bodega
  • Avsluttande kommentar frå Geir Haraldseth (Kulturrådet og Rogaland Kunstsenter)

16.00 Omvising og mottaking på 1857 i Karl Larsson utstillinga

Påmelding

Meld deg på hos Norsk kulturråd

Frist 15. mars.

Merk at Kulturrådet også har eit arrangement om boka i Tromsø dagen før arrangementet på KHiO.